top of page

KVA ER SJØSPEIDING?

Sjøspeidarar følgjer det same grunnprogrammet som andre speidarar, men har i tillegg aktivitetar og ferdigheitsmerke knytte til sjøliv, båtføring og tryggleik på sjøen.
 

I Ulsteinvik ønskjer vi å utvikle sjøspeidaren som eit aktivitetstilbod i tilknyting til det eksisterande speidarmiljøet. Patruljene kan delta på sjørelaterte aktivitetar etter interesse og høve, medan vi også arrangerer eigne turar, båtturar og andre aktivitetar som speidarane kan melde seg på.
 

På denne måten kan sjøspeidaren vere eit supplement til det ordinære speidartilbodet, der ein får høve til å utforske sjølivet og utvikle praktiske ferdigheiter utan at all speidaraktivitet treng å vere sjørelatert.

SPLEIS.jpg
holdnorgerent.jpg
USF.jpg
bottom of page